Kort fortalt

Vil satse på tettstadutvikling

Vil at Møre og Romsdal utviklar eige program.

NPK
05.11.2021

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal vil at fylkeskommunen skal etablere eit eige program for berekraftig by- og samfunnsutvikling.

Sidan 2013 har Møre og Romsdal satsa på by- og tettstadutvikling. No vil fylkeskommunedirektøren innstille på å etablere eit program for berekraftig by- og tettstadutvikling, skriv dei i ei pressemelding.

Føremålet med programsatsinga er at ho skal vere eit bidrag til koordinering av sektorar og fagmiljø i fylkeskommunen, og styre fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar.

Den økonomiske ramma er 19 millionar kroner for 2022, og 20,5 millionar kroner for 2023.

Saka skal behandlast av ei rekkje utval 8. november, før ho skal vidare til fylkesutvalet 23. november og fylkestinget 6. desember.

Publisert: 05.11.2021 13:29

Sist oppdatert: 05.11.2021 13:30