Kort fortalt

Vil selje bensin og alkohol

Virke med alkoholkrav.

31.05.2019
NPK: Virke Servicehandel vil leggje fram krav om at bensinstasjon og kiosk skal ha moglegheit til å selje øl på lik linje med daglegvarebutikkane.
Leiaren i Virke KBS som organiserer kioskar, bensinstasjonar og servicehandel, Iman Winkelman, bekreftar at dei vil fremje eit krav om at kioskar og bensinstasjonar skal ha moglegheit til å ha ølutsal, skriv .
– Viss regjeringa verkeleg er opptekne av auka forbrukarvelferd, tilgjengelegheit og konkurranse som gir lågare prisar på daglegvarer, må det beste vere å stille alle på like fot når det gjeld å søke kommunal bevilling for ølsal, seier Winkelman.
I fjor påla Stortinget regjeringa å leggje fram ei ny lov for god handelsskikk. Kravet frå Virke vil bli lagt fram under høyringsrunden som no går føre seg.

Publisert: 31.05.2019 11:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34