Kort fortalt

Vil sette ut millionar av småfisk i fjordane

Studie viser stor oppslutning blant fiskarane.

NPK
05.11.2024

(NPK): Forskar vil sette ut millionar av småfisk for å styrke kysttorskebestanden. Ei studie viser stor oppslutning blant fiskarane.

Fiskarane på Sørlandet ser ein merkbar nedgang i bestanden av kysttorsk år for år, ifølgje Enrique Blanco Gonzalez.

Han er den leiande forskaren bak ein studie som har undersøkt korleis fritidsfiskarar, yrkesfiskarar og fisketuristar i Agder stiller seg til spørsmålet om eit utsettingsprogram for kysttorsk på Sørlandet, skriv forsking.no.

Tanken er å ta opp villtorsk frå fjordane i Agder, la dei yngle i anlegg på land der overlevingsrata er høgare enn i sjøen, og så sleppe ungtorsken ut i fjorden der torskemora kom frå når dei er store nok til å klare seg sjølv.

Fallet i torskebestanden tyder på at ein i snitt må sette ut rundt to millionar ungfisk i kvar fjord som inngår i programmet.

– Tida er moden for å vurdere utslepp av ungtorsk i fjordane i Sør-Noreg for å bygge opp igjen bestanden, seier Gonzalez.

Studien viser at 80 prosent av dei spurde støttar ideen om eit utsettingsprogram. 75 prosent meiner at styresmaktene bør leie programmet og 25 prosent var positive til å finansiere programmet med eit fiskekort til 175 kr.

(©NPK)

Publisert: 05.11.2024 14:08

Sist oppdatert: 05.11.2024 14:08

Mer om