Kort fortalt

Vil starte elektro-studium

Fagskolen Møre og Romsdal lyttar til ønska frå næringslivet.

07.01.2022

No søker dei om utviklingsmidlar for å starte eit nytt studium innan elektro, vert det opplyst i ei pressemelding.

Fredag vedtok fagskolestyret einstemmig å søke Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse om midlar til studiet.

Rektor ved fagskolen, Helene Hanken, håper at dei frå januar 2023 kan prøve ut ein pilot, og at Fagskolen Møre og Romsdal på nyåret 2024 er i gang med det nye studietilbodet.

Kva for innretning studiet vil ha, er ikkje heilt avklart. Det vil fagskolen vurdere saman med næringslivet generelt og elektrobransjen spesielt. Men det er allereie kome ønske om nettbasert undervisning.

Bakgrunnen for at Fagskolen Møre og Romsdal søker om midlar til eit nytt studium innan elektro, er at Molde Næringsforum og bransjeorganisasjonen Nelfo har meldt om eit presserande behov for ei revitalisering av elektroutdanninga på fagskolenivå.

I tillegg har Menon, på oppdrag frå skoleeigar Møre og Romsdal fylkeskommune, gjennomført ei analyse av kompetansebehovet i fylket. Med ei spørjeundersøking har dei kartlagd bedriftene sine kompetansebehov, både i dag og i framtida, samarbeidssituasjonen med utdanningsinstitusjonar, samt korleis dei opplever tilbodet av etter- og vidareutdanning i regionen. Rapporten som vart lagt fram i desember 2021 syner at det er behov for meir tilbod for utdanning innan elektrofag enn det er i dag.

Per Ivar Lied (Sp), leiar for fagskolestyret, meiner at det å lytte til kva næringslivet etterspør, er hovudpoenget med heile fagskolen.

- Vi har eit sterkt næringsliv i fylket vårt. Og dei treng utdanningsinstitusjonar som raskt kan fange opp, svare på og legge opp eit utdanningsløp eller tilleggsutdanning i tråd med kva dei ser behov for. Etter ønske frå næringslivet har fagskolen lagt om frå berre fysisk undervisning til meir nettbasert og modulbasert undervisning, slik at dei som står i jobb kan ta utdanninga på deltid, seier Lied.

Fagskolen Møre og Romsdal har ein pågåande strategiprosess, som skal vere ferdig til sommaren. Dei har satt ned ei gruppe frå ulike delar av næringslivet og ulike deler av bransjen, saman med representantar frå fagskolen, som skal sjå kvar behovet for utdanning er størst.

Totalbudsjettet for det planlagde studiet innan elektro er på fire millionar kroner i året.

Publisert: 07.01.2022 18:23

Sist oppdatert: 07.01.2022 18:25

Mer om