NPK: Kravet skal rettast mot varmekraftverk, industri, datasenter og andre anlegg.
Vedtaket kjem etter at Olje- og energidepartementet har bede om innspel til eit høyringsnotat om endringar i energilova. Det handlar om korleis ein kan setje krav til kost-nytte-analysar for utbytting av overskotsvarme frå ulike anlegg.
Forslaget frå departementet inneber at dei som planlegg å drive, eller gjere vesentlege oppgraderingar av visse energi- og industrianlegg, må gjennomføre ein analyse av å nytte seg av spillvarme. Analysen skal så godkjennast av styresmaktene.
Bakgrunnen er at regjeringa førebur seg på å implementere eit EU-direktiv om energieffektivitet gjennom EØS-avtalen.
Publisert: 30.03.2021 11:01
Sist oppdatert: 30.03.2021 17:20