NPK-NTB: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier at i eventuelle regjeringsforhandlingar med KrF, vil fylkesreforma vere det første Sp legg på bordet.
– Det er med KrF at Senterpartiet har sterkast verdifellesskap, seier Vedum til Klassekampen.
Om KrF-leiar Knut Arild Hareide vinn fram og får partiet til å gå til venstre, er Vedum klar for å gå i regjering. Det første han vil gjere er å endre fylkesreforma, som KrF sikra fleirtal for i september. Sp ønsker å oppheve tvangssamanslåinga av Troms og Finnmark og seie nei til storfylket Viken.
– Eg trur denne saka har vore veldig vanskeleg for KrF. No gjorde dei dette, og så kan ein gjere eit anna vedtak. Politiske vedtak blir gjort om heile tida. Eg trur det er mange i KrF som ser at tvangsbruken mot Finnmark ikkje er bra, seier han.
Mens Hareide tidlegare har sagt til Dagens Næringsliv at han ikkje vil avvise at reforma kan komme i spel på nytt, har nestleiar Kjell Ingolf Ropstad avvist dette.
Sp-leiaren ser likevel gode moglegheiter for å finne saman med KrF.
– Eitt av hovudpoenga i talen til Hareide var eit angrep på sentraliseringspolitikken, seier Vedum.

Publisert: 26.10.2018 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37