Vil stoppe skred i Stryn
Fire firma konkurrer om oppdraget.
Fire firma konkurrerer om oppdraget med skredsikring på riksveg 15 ved Djupesvora i Stryn.
Statens Vegvesen opplyser at det har vore fleire hendingar med flaum- og jordskred i området, og Djupesvora er eksponert for både snøskred, sørpeskred og flaumskred.
Difor vert det no sett i verk fleire tiltak for å betra framkomsten og trafikktryggleiken området, som igjen skal bidra til Statens vegvesens nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.
– Vi skal utvida bassenget, slik at det har større kapasitet ved eventuelle skred og ved høg vassføring. Vi skal forlenga kulverten under vegen inn i terrenget, og vi skal montera betongrekkverk mellom elva og vegen, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen, i ei pressemelding.
Det skal også byggjas to tilkomstvegar oppe i terrenget, slik at tilkomsten er betre med tanke på oppreinskning ved seinare skred.
Arbeidet skal gjerast i år.
– Vi tek sikte på å signera kontrakt og koma i gang med arbeidet så snart som mogleg. Fristen for å bli ferdig er 18. november, og ein delfrist på å bli ferdig med skrednetta er 30. september, legg Rindal til.
Vegstykket som no skal få betra skredsikringa, har ein gjennomsnittlegg trafikk på 1.500 køyretøy i døgnet. Dette er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 285, lange køyretøy.
Desse fire har levert tilbod:
Tilbydar: | Tilbodssum ekskl. mva: |
Lesja Bulldozerlag AS | 9.096.461,40 |
Aurstad Tunnel AS frå Hovdebygda | 9.247.690,00 |
Mesta AS | 9.922.948,13 |
Kveen AS frå Stryn | 15.215.300,00 |
Publisert: 25.05.2022 12:41
Sist oppdatert: 25.05.2022 12:46