Kort fortalt

Vil straffe tjuvfiskarar hardare

Kan få fem års fengsel.

09.05.2019
NPK: Regjeringa føreslår å heva strafferamma for grovt ulovleg fiske av vill laksefisk og innlandsfisk frå to til fem års fengsel.
– I det internasjonale villaksåret 2019 vil vi styrkte innsatsen mot ulovleg fiske. Dette er eit tydeleg signal om at ulovleg fiske er alvorleg miljøkriminalitet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i ei pressemelding.
Klima- og miljødepartementet viser til at det kvart år blir det avdekt mykje ulovleg fiske av vill laksefisk. Innsatsen mot ulovleg fiske er derfor viktig for å hindra at overfiske blir eit endå større trugsmål mot bestandane.
I forslaget blir den øvre strafferamma for grovt brot på lakse- og innlandsfisklova heva frå to til fem års fengsel.
Endringane i lakse- og innlandsfisklova skal gi forvaltinga betre verktøy og nye og utvida heimlar til å pålegga administrative reaksjonar og sanksjonar. Blant anna kan ein beslagleggja utstyr og gi brotsgebyr.
Forslaga blir no sende på høyring med frist 16. august

Publisert: 09.05.2019 11:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34