Vil ta over 160 kilometer veglysanlegg
Møre og Romsdal vil eige meir veglys.
Foreslår at fylkeskommunen overtek 160 kilometer veglysanleggID: 17862771NPK
Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal sa onsdag ja til å ta over eigarskapet for veglysanlegg langs 160 kilometer fylkesveg.
Samferdselsutvalet vil opne for at eigarar av veglysanlegg som i dag tar imot driftsstøtte, eller som kunne mottatt driftsstøtte ut frå gjeldande reglar, utan vederlag kan overføre sitt eigarskap til fylkeskommunen.
Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dette skjer etter at fleire kommunar har bede om at veg- og gatelys som står langs fylkesveg og blir drifta av kommunen, blir overført til fylkeskommunen.
Saka skal vidare til fylkesutvalet og fylkestinget for endeleg avgjerd.
Publisert: 04.03.2022 14:15
Sist oppdatert: 04.03.2022 14:16