Fylkesordførar Anders Riise ber om eit møte med Miljødirektoratet for å drøfte status og tiltak for korleis utnytte overskotsvarmen frå prosessanlegget til Gassco på Nyhamna, skriv Møre og Romsdal fylkeskommunen i ei pressemelding.
Ved full drift går overskotsvarme tilsvarande to TWh tapt i året ved at den ikkje blir utnytta og i staden sendt til sjøs via kjølevatnet. Til samanliknaing er kratforbruket i fylket 12,7 TWh, ifølgje pressemeldinga.
– Vi skulle få invitasjon til eit nytt statusmøte med Miljødirektoratet i løpet av hausten 2023, men har enno ikkje mottatt nokon invitasjon. Fylkesordføraren ber no om eit nytt møte med Miljødirektoratet for å gå gjennom status frå Miljødirektoratet si side og for å drøfte kva for tiltak som kan gjerast for å mogleggjere utnytting av overskotsvarmen, skriv Riise i brevet.
Publisert: 04.11.2024 10:41
Sist oppdatert: 04.11.2024 10:41