Kort fortalt

Villaksen vekke frå Barstadvikelva

Flaum tok alt av gyteplassar.

25.10.2019
NPK: Barstadelva på Sunnmøre var tidlegare eit paradis for laksefiskarar. I 2016 blei elva råka av storflaum og etter det har det sett mørkt ut for laksen i elva.
– Storflaumen vaska alt som var av gyteplassar på fjorden. Vi søkte straks om midlar til å byggje tersklar og gytehol. Etter tre år utan å ha fått svar frå NVE fann vi for ikkje lenge sidan ut, via Ørsta kommune, at NVE hadde gitt avslag, seier Idar Barstad og Knut Inge Volle i Barstadvik elveeigarlag til avisa
– Denne problematikken gjeld ikkje berre Barstadvikelva, men ei lang rekkje elvar i Noreg, seier Barstad.
På 1970-talet vart det fiska hundrevis av laks i elva kvart år, i åra før 2016 kunne ein på ein normalsesong rekne med ein totalfangst på 70 til 80 laks.
– Laksestammen i Barstadvikelva er truleg død. Om vi er heldige, kjem det att nokre laks i 2020 eller 2021, men dei har ingen stad å gyte, seier biolog Marius Kambestad frå Rådgivende biologer, som undersøkte Barstadvikelva tidlegare i oktober, til avisa. Han fann ein einsleg laks.

Publisert: 25.10.2019 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32