Kort fortalt

Villaksen vert satelittmerka

Skal kartleggje kvar han reiser.

NPK
25.06.2021

Ved hjelp av satellittmerke, ser forskarar på reiseruta til utvandrande villaks. Dette kan gi verdifull informasjon om kva som skjer med laksen når han kjem ut til storhavet.

– Mange villaksar døyr når dei kjem ut til havet, og det er mange årsaker til at dødelegheita er høg, seier forskar Vidar Wennevik ved Havforskingsinstituttet i ei sak på nettsidene deira.

– Målet med merkinga er å sjå kva som påverkar laksen når han kjem ut til havet, korleis miljøforholda og mattilgangen er der han oppheld seg, seier Wennevik.

Merka som vart brukte denne gongen, er såkalla pop-up-merke som vil losne etter ei viss tid, eller viss fisken ligg i ro over ein periode.

Når dei kjem til overflata, sender dei informasjon om lys, trykk, klokkeslett og temperatur via satellitt til forskarane. Med desse dataa kan forskarane utarbeide ei sannsynleg reiserute.

– Slik vil vi få gode data til å kunne sjå kvar og korleis laksen har sumt, og kva han kan ha møtt på undervegs, forklarer Wennevik.

<p>(©NPK)</p>

Publisert: 25.06.2021 14:06

Sist oppdatert: 25.06.2021 14:07

Mer om