Kort fortalt

Villtorsken vel laksefôr

Det viser undersøking frå Smøla.

NPK
27.04.2023

Mellom 13 og 20 prosent av villtorsken på fire gyteområde ved Smøla åt så mykje laksefôr at feittsyresamansetninga deira endra seg.

Det viser ei toårig undersøking som nyleg er vitskapleg publisert.

– Feittsyrene speglar om villtorsken et naturleg mat eller om dei heller et spillfôr frå oppdrettsanlegg, seier havforskar Terje van der Meeren i ei pressemelding frå Havforskingsinstituttet.

Om villtorsk berre et naturleg mat, inneheld den marine feittsyrer som til dømes omega-3. Fôret som oppdrettstorsken får, består derimot av ein kombinasjon av marine råvarer og råvarer frå landbruk.

– Vi finn igjen kombinasjonen av feittsyrer frå landjorda og frå havet i villtorsk som har ete laksefôr, fortel van der Meeren.

Feittsyrene frå landjorda, vart funne igjen i villtorsken i både lever, rogn, mjølke og muskel. Det betyr at egg og mjølke hos vill torsk som et spillfôr, kan få eit ubalansert feittsyreinnhald.

– Vi veit ikkje i kva grad ein ubalanse i feittsyrene vil påverke egg og larver hos torsken, men vi veit at særleg omega-3 feittsyrer med lange karbonkjeder er viktige for utviklinga hos både egg og fiskelarvar, konkluderer van der Meeren.

Publisert: 27.04.2023 14:32

Sist oppdatert: 27.04.2023 14:32

Mer om