Kort fortalt

Vindkraftstopp for Statkraft

Sluttar etter tre vindparkar.

28.03.2019
NPK-NTB: Statkraft skal droppe utbygging av vindkraft i Noreg etter å ha bygd ferdig tre vindparkar dei har konsesjon til. Vindkraftforeininga NORWEA er skuffa.
Statkraft-sjef Christian Rynning-Tønnesen har gjort heilomvending etter å ha sagt at vindkraft i Noreg er eit satsingsområde framover, skriv .
– Vi ferdigstiller Fosen, og ønsker å byggje dei to vindparkane vi har konsesjon til i Kvinesdal og på Remmafjellet, men så kjem vi ikkje til å leite meir i Noreg, seier Tønnesen. Han grunngir valet i mellom anna med fallande kraftprisar.
Han presiserer at Statkraft vil satse på å byggje landbasert vind i andre land i Europa, Sør-Amerika og Asia.
Statkraft har bygd meir vindkraft i Noreg enn nokon andre, skriv avisa. Kraftgiganten sluttfører bygginga av Europas største landbaserte vindprosjekt Fosen i Trøndelag. Rynning-Tønnesens heilomvending skuffar NORWEA.
– Eg er veldig overraska over Statkrafts haldning. Ein stor skuffelse. Statkraft har ein gedigen kompetanse på vindkraft. Men det betyr ikkje at det blir bygd mindre vindkraft i Noreg, seier Norwea-sjef Øyvind Isachsen.

Publisert: 28.03.2019 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35