Kort fortalt

Vipps i butikk

Fleire opnar for mobilbetaling.

01.03.2017
NPK-NTB: Ein ny avtale kan gjere at forbrukarar i større grad kan nytte mobilbetaling med Vipps i butikkar framover.
Vipps har til no basert seg på kredittkortselskap, men med eit samarbeid med kortbetalingssystemet BankAxept kan transaksjonskostnadene bli lågare for forhandlarar, som aukar sannsynet for at fleire innfører Vipps, skriv .
– Mobilbetaling i dag skjer med Visa og MasterCard. For at mobilbetaling skal få gjennomslag innan retail er det ein føresetnad at BankAxept blir nytta. Dette er fordi kostnadene er lågare her, forklarar Vipps-sjef Rune Garborg.
Med BankAxept og varsla nye betalingsterminalar kan Vipps "snart" bli ein vanleg betalingsmåte også i butikkar, skriv avisa. Det er ikkje kjent når desse endringane kan skje.
I midten av februar vart det kjent at over 100 banker går inn som eigarar i Vipps saman med DNB.

Publisert: 01.03.2017 09:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42