Alnes hamn foto kystverkmusea
NY UTSTILLING: Fiskerihamna på Alnes er mellom dei som er med på nettutstillinga. Foto: Frode Pilskog/Kystverkmusea
Kort fortalt

Viser fram fiskerihamnene på nett

Kystverkmusea har laga utstilling du kan besøke digitalt.

NPK
04.11.2024

(NPK): Fiskerihamnene langs kysten vår har vore sjølve livsnerven for mange lokalsamfunn i over 150 år. No kan du bli med og utforske historia til desse hamnene i ei ny nettutstilling.

Det er Kystverksmusea som saman med Kystverket står bak nettutstillinga som tek deg heilt tilbake til starten av hamneutbygginga på 1870-talet. Der kan du bli med på ei reise gjennom tid og hav, og sjå korleis hamnene har spelt ei avgjerande rolle for nasjonen Noreg.

Nettutstillinga byr på ei rik samling av kart, bilete, og filmar som lèt deg oppleve den fascinerande historia bak hamnene, gjennom både gamle og nye fotografi.

(©NPK)

Publisert: 04.11.2024 09:26

Sist oppdatert: 05.11.2024 08:56

Mer om