NPK: Etter ei tid med økonomiske vanskar og uviss framtid er reiselivsselskapet Visit Fjordkysten i Sogn og Fjordane no sikra vidare drift i minst tre år framover.
Firdaposten fortel at styret i selskapet har godkjent ein emisjon, og at aksjekapitalen er auka med 800.000 kroner. Det gjer at framtida for selskapet som dekkjer kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll, Flora og Bremanger er berga i minst tre år framover.
Dagleg leiar Marita Solheim fortel at fleire av kommunane som er med i reiselivsselskapet, dessutan har inngått ein treårig tilskotsavtale med dei.
Ho meiner det er stort behov for selskapet og ser no fram til å konsentrera seg meir om reiseliv enn økonomiske problem.
– Etterspurnaden etter tenestene våre er stor. Kystopplevingar er i vinden. Difor er det viktigare enn nokosinne å ha eit destinasjonsselskap på kysten, seier Solheim.

Publisert: 19.09.2018 10:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37