Kort fortalt

Visit Sognefjord ønskjer turistskatt

Usamd med NHO og regjering.

09.10.2018
NPK: Turistane som kjem hit til landet bør vera med å betala for fellesgode som toalett og parkeringsplassar, meiner Visit Sognefjord.
– Dette ser ein over heile verda der ein reiser. Kunden er vand med å betala det, og me meiner det bør innførast, sa reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord nyleg i eit møte med kommunestyret i Luster, fortel
Både regjeringa og NHO reiseliv har så langt vore imot å innføra turistskatt, men Brandshaug meiner tida no er moden for å endra på dette. Han peikte på at det kan vera utfordrande for kommunane å leggja til rette for å ta imot store mengder turistar i korte periodar.
– Aurland har til dømes ein million tilreisande frå mai til september. Å ha infrastruktur for desse er nesten umogleg for ein kommune som ikkje er rik kraftkommune, sa Brandshaug.
For å bøta på problemet meiner han det bør innførast ei lovpålagt fellesgodefinansiering. Samtidig streka han under at det bør vera frivillig for kommunane om dei vil innføra det.
Også andre delar av reiselivet har teke til orde for at det bør innførast liknande ordningar. Tidlegare i år vedtok Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap å søkja om å bli ein nasjonal pilot for å testa ut turistskatt.

Publisert: 09.10.2018 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37