Kort fortalt

Volda får nei til skuleerstatning

Departementet usamd i at kommunen taper på privatskule.

NPK
23.02.2026

NPK: Kunnskapsdepartementet avviser kravet frå Volda kommune om økonomisk kompensasjon etter etableringa av ein kristen privatskule i kommunen.

Kommunen meinte opprettinga av Ulvestad barneskule i Lauvstad i 2013 førte til inntektstap fordi elevar valde privatskulen framfor den offentlege skulen i området.

Departementet meiner kommunar verken tener eller taper økonomisk på at elevar går i privatskular, fordi rammetilskotet blir justert etter elevtal. I avslaget blir det òg vist til at Volda ikkje klaga på godkjenninga då vedtaket blei gjort for 13 år sidan, skriv NRK.

Kommunen meiner likevel at små lokale forhold gjer at reknegrunnlaget frå staten ikkje treff situasjonen. Volda anslår eit tap på 3,5 millionar kroner i 2026 som følgje av elevfordelinga mellom skulane.

Publisert: 23.02.2026 13:39

Sist oppdatert: 23.02.2026 13:39