Volda-selskap kjøper ingeniørfirma
16 tilsette får nye eigarar.
Dei to Volda-selskapa A. Våge AS og Norwegian Group har gått saman om å kjøpe det lokale firmaet Mulvik. Det opplyser partane i ei pressemelding.
– Oppkjøpet er resultat av grundige strategiske vurderingar frå alle selskapa, og det er difor ei glede å fullføre prosessen som er unnfanga under intensjon om lokal næringslivsutvikling og styrking av arbeidsplassar, heiter det i meldinga.
Ingeniørfirmaet Mulvik har 16 tilsette og meir enn 50 år lang fartstid i bransjen. Dei har spesialisert seg i prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggeleiing, arealplanlegging, geodesi, taksering og byggesaksbehandling.
Eigarskiftet får ingen praktiske konsekvensar for drifta, og alle kontraktar blir vidareført.
Publisert: 05.04.2024 15:57
Sist oppdatert: 05.04.2024 16:05