Kort fortalt

Volda-studentar trivst betre enn snittet

Ny nasjonal studentundersøking.

NPK
16.02.2023

(NPK): Den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret viser at studentane ved Høgskulen i Volda er meir tilfredse med studiekvardagen sin enn det gjennomsnittet av studentane i Noreg er.

Torsdag vart resultata frå Studiebarometeret 2022 offentleggjort. Dette er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar.

På spørsmål om den generelle tilfredsheita ved Høgskulen i Volda (HVO) gir studentane karakteren 4,0 der 5 er høgst. Det er 0,1 poeng opp frå året før, og HVO går med det imot den nasjonale trenden der pila peikar motsett veg. Snittet for alle universitet og høgskular er på 3,8, som er ein nedgang med 0,2 poeng frå 2021.

Når ein bryt ned tala er det stort sett oppgang på alle parameter for HVO.

– Dette er veldig kjekke resultat. Vi ligg både over landsgjennomsnittet og har framgang samanlikna med HVO i 2021 – eg kan ikkje hugse at vi har hatt det slik før. Eg vil gratulere både studentar og tilsette. Dette er resultat frå arbeid over tid, seier Johann Roppen, rektor ved HVO, i ei pressemelding.

(©NPK)

Publisert: 16.02.2023 09:41

Sist oppdatert: 16.02.2023 10:09

Mer om