Kort fortalt
Wattn kuttar stillingar
Skal spare kostnadar.
27.02.2024
- Det er ein trist bodskap å formidle til dei tilsette, og naturlegvis ei tung melding å få. Men vi skal sikre at dei tilsette får god støtte og oppfølging i tida framover, seier administrerande direktør i straumsalselskapet Wattn, Arne Thomas Haram i ei pressemelding.
Pressemeldinga opplyser ikkje kor mange tilsette som blir berørt eller kor store kosnadskutta som er målet.
Wattn er eigd av Tafjord Kraft, Sogn og Fjordane Energi, Tussa og Sognekraft.
Publisert: 27.02.2024 16:26
Sist oppdatert: 27.02.2024 16:26