Widerøe har innstilt 30 avgangar
Seier problema kan auke utover dagen.
Flyselskapet Widerøe seier dei tysdag verkeleg har byrja å merke konsekvensane av flyteknikar-streiken. 30 avgangar er innstilte.
Det opplyser Widerøe til NRK.
– Dette lagar utfordringar for passasjerane våre, det er vi smerteleg klar over. Der vi var positive i går, så kjenner vi at det no treffer oss ordentleg, seier Catarina Solli, pressesjef i Widerøe.
Ho oppmodar kundar til å la vere å ringje dei sidan det er stor pågang frå kundar som er usikre på om reisa deira faktisk vil gå.
– Vi oppmodar publikum til å ikkje ta kontakt med oss, med mindre dei har fått melding om at avgangen deira er innstilt, eller at dei ikkje ønskjer å nytte seg av den løysinga vi har førespegla dei, seier pressesjefen i Widerøe.
Publisert: 21.06.2022 16:43
Sist oppdatert: 21.06.2022 16:44