Kort fortalt

Widerøe held fram på Hovden

Marius Rosbach
30.08.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): DAT har vunne kontrakten på ruta Florø-Oslo, medan Widerøe skal halde fram med å fly Ørsta-Volda og Oslo. Dei har også fått kontrakt på to ruter i Nord-Noreg.

Første landing i Oslo frå Hovden lufthamn, skal vere seinast klokka 08 og siste avgang til Oslo skal tidlegast ta av klokka 16.

Andre vegen skal første avgang frå Oslo tilk Ørsta-Volda vere seinast klokka 10 og siste avgang vere tidlegast klokka 17, skriv Samferdselsdepartementet.

Ruta mellom Florø og Oslo skal trafikkerast av DAT 18 gonger i veka frå og med 1. april, tolv gonger før det,

Dei nye avtaleperiodane startar 1. oktober 2021. Kontraktane frå Florø og Ørsta-Volda varer ut mars 2024, medan frå Stokmarknes varer dei ut mars 2022.

– Dei regionale flyrutene er avgjerande for å gi befolkning og næringsliv i distrikta tilgang til hovudstad og regionsenter, sjukehus, offentlege styresmakter og andre viktige institusjonar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

(©NPK)

Publisert: 30.08.2021 16:27

Sist oppdatert: 30.08.2021 16:33

Mer om