Kort fortalt

Widerøe varslar nye rutekutt i 2019

Driv 18 ulønsame ruter.

23.10.2018
NPK-NTB: Widerøe-sjef Stein Nilsen seier 18 av dei 23 kommersielle kortbanerutene til selskapet går med tap og varslar rutekutt frå januar, ifølgje E24.
– 18 av 23 kommersielle kortbanerutene vi driv i dag er ikkje lønnsame, sa Widerøe-sjefen under eit debattarrangement om norsk luftfart i regi av Polyteknisk foreining i Oslo sentrum måndag kveld.
Nilsen hadde ifølgje håpa på kutt i flypassasjeravgifta i statsbudsjettet for 2019.
– Det skjedde ikkje, så no er det slutt og vi skrid til verket, sa han.
I forslaget til statsbudsjettet vart det berre foreslått ei lita justering i flypassasjeravgifta frå 83 til 75 kroner for Europa- og innanriksruter.
Widerøe-sjefen vil ikkje seie om kuttet betyr redusert frekvens på ruter, eller om selskapet vil kutte ruter heilt.
– Det har eg ingen kommentar til no, men det er noko vi skal jobbe med og forhåpentlegvis avklare innan utgangen av november. Endringane vil tre i kraft frå og med januar 2019, seier Nilsen til E24.

Publisert: 23.10.2018 08:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37