Kort fortalt

Widerøe vil ha nullutsleppsfly

Skal samarbeide med Rolls-Royce.

29.08.2019
NPK-NTB: Det britiske industriselskapet Rolls-Royce skal samarbeide med flyselskapet Widerøe om å utvikle nullutsleppsfly innan 2030.
Prosjektet er både ein del av å tilfredsstille det norske nullutsleppsmålet innan 2030, og Widerøes ambisjon om å erstatte og elektrifisere store delar av flyflåten sin.
– Meir enn 30 fly skal erstattast innan 2030, opplyser flyselskapet i ei pressemelding etter at avtalen vart signert på den britiske ambassaden onsdag.
– Målet vårt er å ha kommersielle nullutsleppsruter i drift frå 2030. Partnarskapet med Rolls-Royce er eit svært viktig skritt som flyttar oss nærare det målet, seier Andreas Aks, som er strategidirektør i Widerøe.
Selskapet opplyser at den første fasen av prosjektet, som omfattar operasjonelle studiar og konseptutvikling, allereie er i gang. I Trondheim har Rolls-Royce oppretta ei høgteknologisk utviklingseining for å finne løysingar for utsleppsfri luftfart.
– Anlegget vårt i Noreg gjer at vi ikkje berre er til stades i Skandinavia, ein region som er kjent for å vere «early adapters» av lågutsleppsteknologi, men gir oss òg moglegheita til å utnytte norsk kompetanse og erfaring frå elektrifiseringen i maritim sektor, noko som utvilsamt vil bli ein viktig del når vi no skal nå dei ambisiøse måla våre, seier administrerande direktør Sigurd Øvrebø i Rolls-Royce Electrical Norway.
Forskingsprosjektet har fått støtte frå Innovasjon Noreg og er forventa å vare i to år.

Publisert: 29.08.2019 15:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32