Kort fortalt

Yrkesfaga får pengar til nytt utstyr

Fem millionar til fordeling i Møre og Romsdal.

NPK
06.01.2022

(NPK): Fem vidaregåande skular i Møre og Romsdal har fått fem millionar kroner til å kjøpe inn utstyr til yrkesfaglege utdanningsprogram. Dei fem skulane er Borgund, Gjermundnes, Sunndal, Ørsta og Fagerlia.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier i ein kommentar at oppdatert utstyr på yrkesfag er like viktig som oppdaterte lærebøker. Leiar av utdannings- og kompetanseutvalet i Møre og Romsdal, Per Ivar Lied (Sp) legg vekt på at løyvinga har stor samfunnsmessig verdi.

- Det er viktig at utstyr som blir brukt i yrkesfagleg opplæring er likt det som elevane møter i yrkeslivet, men det er krevjande å ha utstyret oppdatert til ei kvar tid. Derfor er det bra med ei statleg tilleggsfinansiering, seier Lied.

Han gjer merkmsam på at 60 prosent i vidaregåande søkjer seg til yrkesfag, og at det såleis er viktig å satse på desse faga.

- Møre og Romsdal er eit verdiskapingsfylke med eit oppdatert og framsynt næringsliv, og då treng vi oppdatert og moderne utstyr. Det er eit felles ansvar å sørgje for at vi heile tida kan levere det beste utdanningstilbodet, slik at vi har arbeidskraft med god kompetanse, seier han.

(©NPK)

Publisert: 06.01.2022 16:29

Sist oppdatert: 06.01.2022 16:31

Mer om