Kort fortalt

Ålesund kan velje vekk nynorsk

Målforma kan igjen bli tema etter valet.

NPK
14.08.2023

(NPK): I 2020 blei Ålesund den største nynorskkommunen i landet. Etter valet i haust kan nynorsken i kommunen stå for fall.

Då Haram, Skodje, Sandøy, Ørskog og Ålesund blei slått saman til éin kommune januar 2020, blei det den største nynorskkommunen i landet. Når Haram blir eigen kommune igjen frå januar 2024, blir det igjen tema om målforma i Ålesund, skriv NRK.

Blir det eit politisk skifte etter valet kan Monica Molvær (H) bli den neste ordføraren i Ålesund. Ho ønskjer å skrote nynorskkommunen så raskt som mogleg.

– Vi ønskjer ei valfri målform der dei tilsette kan velje om dei vil bruke nynorsk eller bokmål. Nynorsk er ein kulturskatt som ein må motivere folk til å bruke, og ikkje tvinge dei til å bruke.

Truleg får ho eit fleirtal i ryggen. Både Frp og Ålesundslista vil ha ein språknøytral kommune.

Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge meiner nynorskkommunen Ålesund har vore ein suksess. Han ber han politikarane tenkje seg godt om.

– Vi veit at kommunar som kallar seg språknøytrale i praksis lar bokmål dominere og har lite plass for nynorsk. Det gjer at nynorsken blir usynleg.

Når Haram går ut av Ålesund frå 1. januar 2024 missar Ålesund nærare 10.000 innbyggjarar. Det gjer òg at prosentdelen som brukar nynorsk går ned.

Leiaren i Noregs Mållag synest ikkje det er eit godt argument for å velje vekk nynorsk.

(©NPK)

Publisert: 14.08.2023 12:48

Sist oppdatert: 14.08.2023 12:48

Mer om