Kort fortalt

Ålesund klar for meir normal kvardag

Færre restriksjonar, men auka beredskap.

24.09.2021

Frå laurdag 25. september klokka 16.00 går Ålesund over til ein meir normal kvardag utan restriksjonar, men med auka beredskap, opplyser kommunen i ei pressemelding.

- Gratulerer med dagen til byens innbyggarar! Laurdag 25. september er ein merkedag. Vi passerer ein målstrek no som i 1,5 år har flytta på seg heile tida. No har vi godt av å oppleve det som vi har mista i koronatida, det å kunne samlast igjen og oppleve ting i fellesskap, seier ordførar Eva Vinje Aurdal, i pressemeldinga.

Her er nokre av restriksjonane som forsvinn frå laurdag 25. september.

  • Meteren blir avvikla
  • Alle restrikasjonar for reise innanlands blir fjerna
  • Restriksjonar knytt til arrangement og samankomster blir oppheva
  • Innslippsstopp og krav om bordpassering på serveringsstader forsvinn

Kommuneoverlegen forklarer kva denne overgangen betyr:

- Med ein normal kvardag betyr det at vi som innbyggarar må ta meir ansvar for å varsle nærkontaktar om ein likevel blir smitta. At dei som er i karantene kan gjennomføre eigentesting som alternativ. Vi må framleis vaksinere oss og oppretthalde testkapasiteten, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Frå måndag 27. september er det nedjustert TISK (testing, isolasjon, smittesporing og karantene) som gjeld. Dette inneber auka bruk av sjølvtestar for alle, at færre må i karantene og at kommunen driv målretta smittesporing. Det er framleis krav om at du skal isolere deg dersom du har covid-19.

Har du ikkje hurtigtest heime kan du no hente deg ut 1 pakke med hurtigtest på ein hentestad i kommunen. Hent berre ut ein hurtigtest har du behov. Personar med symptom eller som er i isolasjon skal ikkje hente testar.

Les meir om testing her på heimesida.

Det blir anbefalt at uvaksinerte/vaksinert med første dose som bur saman med ein som er vorte smitta, testar seg eller går i karantene. Det gjeld uavhengig av om ein får symptom eller ikkje. Andre uvaksinerte nærkontaktar treng ikkje å gå i karantene, men bør ta ein test.

Publisert: 24.09.2021 15:36

Sist oppdatert: 24.09.2021 15:38

Mer om