Kort fortalt

Ålesund og Sula: Lettar på koronatiltak

Avsluttar nasjonal forskrift ved midnatt.

13.09.2021

Ålesund og Sula kommune vil ikkje forlenge den lokale forskrifta. Etter kl. 24.00, 13. september går kommunane over til å følgje nasjonale reglar og råd. Det vil framleis vere gult nivå på barnehagar og skular i Ålesund ei veke til, vert det opplyst i ei pressemelding.

I Ålesund kommune har kriseleiinga bestemt at skular og barnehagar fortset på gult nivå fram til og med fredag 17. september.

- Det er framleis ein del smitte knytt til skular og barnehagar. Til vi har eit godt system med test for karantene for fleire, vél vi å halde skolane på gult nivå, seier kommuneoverlege Olav Mestad, i pressemeldinga.

I Sula kommune er skular og barnehagar på grønt nivå.

Det vert vist til at smittetalet i Ålesund no er på veg ned. Ved at alle held seg heime når dei er sjuke, testar seg og takkar ja til vaksine, kan vi få kontroll med pandemien:

- Ålesund kommune har kun eitt tiltak utover dei nasjonale råda. Vi forlenger gult nivå i skolar og barnehagar for det er der smitta er størst akkurat no, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Sjølv om forskrifta med påbod om bruk av munnbind opphøyrer, bør ein framleis bruke munnbind når det ikkje er mogeleg å halde ein meters avstand, slik som i kollektivtrafikken. I tillegg er det viktig at alle er flinke til å registrere seg når dei besøker restaurantar og utestadar, slik at smittesporinga blir lettare, vert det opplyst.

Publisert: 13.09.2021 11:45

Sist oppdatert: 13.09.2021 11:49

Mer om