Kort fortalt
Ålesund tener godt på parkering
Ny rekord for Sunnmøre Parkering i fjor.
23.03.2023
Selskapet Sunnmøre Parkering er heileigd av Ålesund Parkering, som igjen er heileigd av Ålesund kommune. I fjor hadde Sunnmøre Parkering rekordhøge driftsinntekter på 29,1 millionar kroner. Resultatet før skatt enda på 5,8 millionar kroner, det nest beste resultatet sidan oppstarten i 2006. Berre 2019 var betre.
Sunnmøre Parkering driftar blant anna seks parkeringshus i Ålesund.
Eigenkapitalen er på 24,2 millionar kroner, og den langsiktige gjelda null.
Sunnmøre Parkering | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 29,1 | 26,7 | |
Driftsresultat | 5,3 | 4,5 | |
Resultat før skatt | 5,8 | 4,6 |
Publisert: 23.03.2023 07:55
Sist oppdatert: 23.03.2023 08:32