Kort fortalt

Årets kvalsesong betre enn i fjor

Det vart skote 454 vågekvalar.

25.09.2018
NPK: Det er betre enn det rekorddårlege fjoråret.
Elleve båtar har skote til saman 454 vågekvalar i 2018. Det er 22 fleire dyr enn i fjor, som var ein historisk dårleg sesong.
– Det er ikkje mykje, men det er i alle fall ikkje ein ny nedgang. Det må ein berre ta med seg som positivt, seier salskonsulent Per A. Rolandsen i Norges Råfisklag til
Det var Lofotposten som først omtalte saka.
Per Rolandsen i Råfisklaget vonar det vil vere 12–13 båtar med på kvalfangsten til neste år.
– Vi får eit par båtar til i beste fall. Trua må vi ha, fastslår han og fortel at det var to båtar som fall frå i år av ulike årsaker, som han håpar og trur får det til neste år.

Publisert: 25.09.2018 18:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37