Kort fortalt

Åtte hamner samarbeider om havvind

Nordisk samarbeid om «super sites».

NPK
04.01.2022

(NPK): Seks norske kandidatar er med når eit nordisk samarbeid skal gjere hamner klare for havvind-industrien.

Arvid Nesse, leiar av Norwegian Offshore Wind Cluster, seier til E24/Stavanger Aftenblad at dei ulike aktørane har meir å hente på å samarbeide for å få ned kostnadene, enn å konkurrere.

Den norske havvindklynga er med på prosjektet «New Offshore Wind Ports in the Nordics», eit prosjekt som samlar aktørar som vil gjere hamner klare for havvindindustrien.

Åtte hamner og såkalla «super sites» er med. Seks av dei er norske, og dei ligg på strekninga Eigersund i sør til Helgeland i nord. Her blir det lagt til rette for å setje saman fundament til flytande turbinar. Nesse trur ikkje det blir for mykje med seks slike i eitt land.

– Når havvindmarknaden tek av, er det plass til alle, trur han.

For å setje saman fundamenta treng ein skjerma område med djupt vatn, noko det er mykje av i norske fjordar.

– Noreg er i ein ganske unik posisjon for produksjon og samanstilling av betongfundament, seier Nesse. Han ser føre seg at ein kan slepe fundament frå Noreg til store delar av Europa.

Desse norske hamnene er med i samarbeidet: Eigersund Næring og Havn, Karmsund hamn, NorSea Group (Jelsa), Semco Maritime Hanøytangen, Wergelandgruppa (Gulen), Westcon Helgeland. I tillegg er Rønne hamn i Danmark og Trelleborg hamn i Sverige med.

(©NPK)

Publisert: 04.01.2022 13:00

Sist oppdatert: 04.01.2022 13:01

Mer om