Åtte nye smitta i Ålesund
Har stengt Brooklyn Pub.
Sidan laurdag kveld er det meldt til saman åtte nye smittetilfelle i Ålesund kommune.
Til saman seks personar i relasjon til Jugendbyen Barnehage har fått påvist smitte med koronavirus. Ein av dei er heimehøyrande i Sula kommune. Som ein konsekvens av dette er to klassar ved 6 trinn Spjelkavik barneskole er sett i karantene, opplyser kommunen i ei pressemelding.
Det vert opplyst at det er ventekarantene ved ei avdeling ved Tommeliten barnehage. Jugendbyen barnehage er som tidlegare meldt stengt.
Ein nærkontakt har fått påvist Covid-19. Dette medfører karantene hos tilsette og pasientar ved Hessa heimetenestedistrikt.
To personar i relasjon til Brooklyn pub har fått påvist smitte. Brooklyn Pub er stengt.
- Det totale tal på smittetilfelle som er relatert til utbrota ved utestadene Anno/Toldboden i Ålesund nærmer seg no 80. Av desse er 73 busett i Ålesund, seier kommuneoverlege Olav Mestad.
Publisert: 03.05.2021 10:39
Sist oppdatert: 03.05.2021 10:41