Åtte nye smitta i Ålesund siste døgn
Fleire har besøkt spisestader.
Totalt sidan seint torsdag kveld til 11.30-tida fredag, var det meldt om åtte nye smittetilfelle i Ålesund, opplyser kommunen i ei melding på sine nettsider.
Mellom dei er to nye personar som er knytt til utbrotet ved Restaurant Anno. Spisestaden blei midlertidig stengt tidlegare i veka etter at fleire smitta hadde besøkt restauranten.
Fleire av dei som no har testa positivt har også besøkt Tollboden laurdag 17. april om kvelden, mellom dei er ein NTNU-student som også har besøkt Family Sports Club Sentrum tysdag 20. april.
Smittesporingsteamet har kontakta personar som har vore på desse stadene, og kommuneoverlege Olav Mestad påpeiker at innbyggarar som har vore på Restaurant Anno 17. april, Tollboden, 17. og 18. april og Family Sports Club Sentrum tysdag 20. april bør teste seg. I tillegg bør alle med symptom teste seg.
Som følgje av smittetilfella er mellom anna lærarar og elevar på Haramsøy i karantene. Det er også mistanke om smitte hos ein tilsett ved Spjelkavik omsorgssenter.
Publisert: 23.04.2021 14:35
Sist oppdatert: 24.04.2021 21:16