NPK: Mattilsynet er uroa over den raske utviklinga og spreiinga av blanke og gjennomsiktige lakselus. Lusa er usynleg for leppefisken, som blir brukt til å reinse oppdrettsfisken for den elles brune parasitten.
– Eg har sett det same bildet med auke av blanke lus på fem–seks lokalitetar i Midt-Noreg no i haust. Eg er spesielt bekymra for den raske utviklinga som har skjedd.
- Det er eit stort tal blanke og gjennomsiktige lus i alle stadium, som dermed ikkje blir etne av reinsefisken, seier seniorrådgjevar Mette Kristin Moen i Mattilsynet til .
Inspektøren har sett på blanke, gjennomsiktige holus på fleire stader på Fosen og på fisk frå Frøya-området, men seier ho har fått rapportar frå kollegaer som har sett den same utviklinga andre stader i landet.
– Utviklinga har gått så raskt og har overraska meg. Det gjer at eg no vil seia frå om problemet og gjera oppdrettarar og dei som arbeider med førebyggjande tiltak mot lus, merksam på problemet, seier ho.

Publisert: 18.10.2018 15:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37