NPK-NTB: Rådgivar Harald Volden i Tine trur masseslakten av dyr i landbruket kan få langvarige økonomiske konsekvenser.
Tørken har mellom anna ført til at mange bønder har måtte kjøpe fôr frå utlandet for å ha nok mat til dyra sine. Samtidig fortel slakteria om stor pågang frå bønder som ser seg nøÿdde til å slakte dyr på grunn av fôrmangelen.
Harald Volden, ansvarleg for forsking og utvikling i Tine rådgiving, seier til Nationen at han er redd for at bøndene vel å slakte dyra før dei ser på andre tiltak.
– Viss ein endrar kraftfôrstrategien og får tak i halm, kan mykje vere løyst. Sjølv om fôrkostnadene blir høgare, vil mjølkeinntekter minus fôrkostnader komme ut med positivt forteikn, sjølv om det nok blir lågare enn i tidlegare år.
Ifølge Volden handlar det om å spare på grovfôret og sjå på alternativ før ein melder dyr til slakt.
– Konsekvensen av å slakte kyr er ein økonomisk effekt ein må slite med i fleire år, meiner han.

Publisert: 24.07.2018 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38