(NPK): Fiskeridirektoratet åtvarar mot ein auke i svart omsetjing av torsk før jul.
Fiskeridirektoratet skriv i ei pressemelding at dei ser ei tydeleg auke i salet av torsk utanfor den regulerte marknaden i år fram mot jul.
– Dette er eit kjend mønster, men utviklinga er meir tydeleg i år, seier seksjonssjef for fiskerikontroll og rettleiing i direktoratet Torkjell Andersen.
Svart omsetjing skjer utan rapportering, kontroll eller sporing. Det betyr at fisken kan vera fiska utanom kvote – eit stort problem for den truga kysttorsken – eller han kan ha sjukdomar eller skavankar som gjer at han ikkje burde seljast som menneskemat.
– For mange er torsk ein viktig del av juletradisjonen. Når du kjøper torsken gjennom eit godkjend utsal, eller hjå ein fiskar som har løyve til kaisal, er du trygg på at torsken er korrekt registrert, kvoteavrekna og handtert i tråd med gjeldande krav til hygiene, seier Andersen.
Direktoratet oppmodar med det publikum om å kjøpa fisken frå godkjende utsal.
(©NPK)
Publisert: 12.12.2025 10:27
Sist oppdatert: 12.12.2025 10:27





