No fryktar passasjerar at det går på tryggleiken laus.
– Eg skulle reise med ferja og hadde to gutungar i baksetet i bilen. Den eine måtte krype fram for å komme seg ut av bilen.
Det seier ein frustrert Finn Rune Konradsen frå Dønna til NRK Nordland.
På dei aller fleste store ferjene er det pålagt å forlate køyretøyet og bevege seg opp i salongen. Det er ofte fordi evakueringsmoglegheitene er oppe i salongen.
Men på enkelte strekningar i Noreg, der det blir segla opne ferjer, er det lov å sitje i bilen under overfarten. Det er fordi evakuering ved ein nødssituasjon skjer frå sjølve bildekket.
Ifølgje fersk statistikk frå Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) tek bilar i Noreg meir plass enn før.
I 1992 var ein ny bil i Noreg 169 centimeter brei i snitt. 30 år seinare er gjennomsnittsbreidda auka med 18 centimeter.
Publisert: 30.05.2023 15:11
Sist oppdatert: 30.05.2023 15:20