Kort fortalt

Økonomiprofessor ber om høgare rente

Fryktar inflasjonen.

Marius Rosbach
13.07.2023

(NPK-NTB): Økonomiprofessor Kjetil Storesletten ber Noregs Bank få opp farten og auke renta så raskt som mogleg.

Storesletten meiner kronesvekking først og fremst kjem av lågare rentedifferanse mot utlandet, og at Noreg bør ha ei rente som ligg godt over eurosona og USA, skriv Dagens Næringsliv.

I fjor rykte Kjetil Storesletten ut og etterlyste ei dobling av styringsrenta frå dåverande nivå på 2,5 prosent. Den gong hadde Noregs Bank signalisert ein rentetopp på 3,1 prosent. Beskjeden frå Storesletten, som er professor ved UiO og University of Minnesota, er framleis den same.

– Det meste tyder på at renta bør opp så raskt som mogleg. Det treng Noreg, seier professoren til DN.

Storesletten, som tidlegare har sete i Noregs Banks hovudstyre, seier han fryktar at folk mistar trua på inflasjonsmålet på 2 prosent, og at inflasjonen dermed festar seg gjennom forventningar.

– Den store faren er at folk tenkjer at prisane og lønningane berre skal stige vidare. Då vil Noregs Bank måtte gå mykje hardare til verks enn det ligg an til no. Og dit vil vi ikkje, seier han.

(©NPK)

Publisert: 13.07.2023 08:34

Sist oppdatert: 13.07.2023 08:34

Mer om