Safe24 Trafikkservice foto Safe24
OPPKJØP: Frå venstre: Driftsleiar Ben Ruben Kristiansen, dagleg leiar André Følsvik, dagleg leiar Finn G. Litsheim og salssjef Kristoffer Eliassen. Foto: Safe24
Kort fortalt

Ørsta-selskap kjøper Ålesund-firma

Safe24 veks vidare etter nytt rekordår.

Marius Rosbach
15.01.2025

Safe24 i Hovdebygda har kjøpt opp det Ålesund-baserte selskapet Trafikkservice, ifølgje ei pressemelding. 

Ørsta-firmaet veks dermed vidare etter å ha lagt bak seg eit rekordår i 2024 med ei omsetning på kring 50 millionar. 

Trafikkservice hadde 13 tilsette ifølgje den siste rekneskapen, og dei vil halde fram under Safe24 som eit avdelingskontor i Ålesund.

André Følsvik som er eigar og dagleg leiar i Safe24, tek over som dagleg leiar i Trafikkservice etter John Wikstrøm. 

Trafikkservice har sidan 2013 har levert diverse trafikktenester, som trafikkdirigering, arbeidsvarslingsplanar og utleige av trafikksikkerheitsutstyr. 

Ålesund-selskapet har omsett for kring ti millionar dei siste åra, og både 2023 og 2022 enda med minusresultat, ifølgje rekneskapane. 

Safe24 har sikra fleire større oppdrag i løpet av det siste året. Mellom anna med med Lefdal Mine Datacenter om levering av stasjonært vakthald og trafikkavvikling ved Selvågtunnelen for Aurstad Tunnel.

Publisert: 15.01.2025 11:35

Sist oppdatert: 15.01.2025 11:37

Mer om