Kort fortalt
Ørsting ny Tekna-president
Lars Olav Grøvik valt i helga.
Marius Rosbach
14.06.2021
Lars Olav Grøvik frå Ørsta blei valt til ny president i Tekna (Teknisk-naturvitenskapelig forening ) på representantskapsmøtet søndag. Det opplyser fagforeininga i ei pressemelding måndag.
Han har i fleire år vore hovudtillitsvalt for Tekna i Equinor. Han kjem frå Ørsta, men er busett i Bergen.
Grøvik tek over etter Lise Lyngsnes Randeberg som har leia Tekna sidan 2013. Tekna har kring 89.000 medlemmar.
Publisert: 14.06.2021 13:33
Sist oppdatert: 14.06.2021 13:37