Ny jobb

Alexander Sunde

Alexander Sunde vert ny adm. dir i haldingsselskapet O N Sunde.

Administrator
11.02.2021
Alexander Sunde
Alexander Sunde (32) overtek etter faren Olav Nils Sunde (63), som held fram som arbeidande styreleiar i selskapet. O N Sunde er eitt av norges største familieeigde selskap med rundt 4.500 tilsette og ei omsetning på 12 milliardar kroner. Selskapet eig mellom anna Color Line og Gresvig-kjeden med Intersport og G-Sport. Alexander Sunde har i sju år arbeidd i selskapet med ansvar for finansinvesteringar og portefølgjeforvaltning. Han har studert økonomi ved Peperdine University i Malibu, har ein bachelor i Business Administration frå BI i Oslo og ei mastergrad i Business Administration frå Norges Handelshøgskule/NFF i Trondheim.

Publisert: 11.02.2021 09:02

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02