Andreas Christian Noerve fpfull
Ny jobb

Andreas Christian Nørve

Andreas Christian Nørve er tilbode stillinga som kommunedirektør i Vanylven.

23.02.2021
Andreas Christian Nørve 22

Vanylven kommune har tilbode Andreas Christian Nørve stillinga som kommunedirektør. Han er delvis utlånt til Vanylven frå Herøy kommune, fram til slutten av mars. Leiinga i kommunen har god tru på at Nørve tiltrer i si nye stilling kort tid etter det.

- Nørve har god kjennskap til kommunen gjennom mange år som økonomiansvarleg, assisterande rådmann og rådmann i Vanylven, og kjem no tilbake til oss etter å ha vore vekke eit par år. Han har i denne tida skaffa seg nye erfaringar, ny kunnskap og kan gå i gong med ny entusiasme, heiter det i ei uttale frå ordføraren.

Andreas Christian Noerve fpfull

Publisert: 23.02.2021 18:53

Sist oppdatert: 23.02.2021 23:04