Ny jobb

Ann Kristin Emblem

Er ny mellombels direktør ved Høgskulen i Volda.

09.05.2022
Ann Kristin

Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda har vedtatt å tilby studiedirektør Ann Kristin Emblem mellombels stilling som direktør frå 1. august 2022.

Ann Kristin Emblem (59) vart tilsett som studiedirektør ved høgskulen i 2021. Ho har blant anna utdanning som jurist frå Universitetet i Oslo og har ein mastergrad i kunnskapsleiing frå Handelshøjskolen i København. Tidlegare har ho arbeidd som rektor/regionleiar i Folkeuniversitetet Midt-Noreg, fylkesskattesjef i Nord-Trøndelag, likningssjef i Trondheim kommune og har også hatt fleire andre leiarstillingar.

Høgskulen treng ny mellombels direktør frå 1. august fordi noverande direktør Karen Lomeland Jacobsen har sagt opp stillinga. Det er uvisst kor lenge den mellombelse direktøren skal fungere, men det blir avklara når Høgskulestyret i juni avgjer leiingsmodell for framtida.

Publisert: 09.05.2022 10:03

Sist oppdatert: 09.05.2022 10:04