Anne Karin Hamre
Er ny direktør for Vestlandsforsking.
Anne Karin Hamre tek over som direktør for Vestlandsforsking i januar 2022.
Hamre er tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane, og i dag er ho ekspedisjonssjef i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Anne Karin Hamre er 56 år gammal og kjem frå Leikanger i Sogn. Ho er utdanna statsvitar og har arbeidd som journalist og som leiar i offentleg sektor. Mellom 1998 og 2018 var ho tilsett hos Fylkesmannen, først som rådgivar, seinare administrasjonssjef og frå 2008 som assisterande fylkesmann.
Frå 2011 til 2018 var ho fylkesmann i Sogn og Fjordane, før ho gjekk over til stillinga som ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ho har også leidd eit nasjonalt utval og vore styreleiar for Veterinærinstituttet.
Publisert: 19.10.2021 15:56
Sist oppdatert: 19.10.2021 15:58