Arild Runde
Er tilsett som kjøkensjef på Christineborg Gjestehus.
Arild Runde startar 1. juni som kjøkensjef på Christineborg Gjestehus på Runde. Han tek med seg ei solid historie frå Grand Hotel, Oslo, Maki Fosnavåg, Bølgen og Moi, Oslo, og fleire andre kjøkken anten som, kjøkkensjef, soussjef eller kokk.
Arild Runde får ei styrande rolle i utforminga av gjestehuset sitt kjøkkenkonsept for framtida. I ei pressemelding blir det opplyst at han ønskjer sjømat som hovedingrediens når menyar skal utformast. I tillegg er fokus på lokale råvarer viktig for utviklinga av matkartet.
Christineborg Gjestehus startar med kafèdrift og vil arbeide framover med å utvikle eit spennande driftskonsept.
Publisert: 25.05.2022 08:29
Sist oppdatert: 25.05.2022 08:32