Ny jobb
Bent Martini
Er ny adm. dir i Havila Kystruten.
06.05.2021
Bent Martini frå Asker er tilsett som adm. dir. i Havila Kystruten, og overtar stillinga etter Arild Myrvoll.
Sidan april 2019 har han hatt fleire leiande stillingar i Hurtigruten, men gjekk av i november 2020.
Frå 2011 til 2019 hadde han ulike leiarstillingar i Torvald Klaveness og Klaveness Ship Management.
- Martini har erfaring og kjenner bransjen samtidig som han er nytenkande og har levert gode resultat både innan organisjons- og teknologiutvikling, seier styreleiar Per Sævik i ei pressemelding.
Publisert: 06.05.2021 21:23
Sist oppdatert: 06.05.2021 21:31