Ny jobb
Brunstad AS
Ronny Bjøringsøy (41) er tilsett som fabrikksjef hos møbelprodusenten Brunstad AS.
Administrator
11.02.2021
Bjøringsøy overtek etter Jens Peter Brunstad som har gått over i ny stilling utanfor bedrifta.
Den nye fabrikksjefen kjem frå jobb som farbrikksjef hos Formfin AS, og før det var han prosjektleiar i Spilka AS og maskiningeniør innan styremaskinar hos noverande Rolls-Royce Marine.
41-åringen er utdanna maskiningeniør og har befalsutdanning frå forsvaret. Han tek til i den nye jobben seinast 1. april.
Publisert: 11.02.2021 09:02
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:02