Ny jobb
Eldor Skeide
Eldor Skeide frå Ulsteinvik er tilsett som ny adm. dir. ved Furene AS i Volda.
Administrator
11.02.2021
Skeide overtek etter Hege Karete hamre.
Han har arbeidd ved Furene sidan 2010, og har 25 år bak seg som dagleg leiar og administrerande direktør i organisasjonar og selskap på Sunnmøre som Hødd, Sunnmørshallen, Convex, Bohus Møre og Westing.
Furene AS er ei arbeids- og inkluderingsverksemd med hovudkontor i Furene i Volda, og med avdelingar i Ørsta, Ulstein, Herøy og Vanylven.
I 2016 fekk over 100 personar løna arbeid gjennom tiltak Furene AS leverer på oppdrag frå NAV. Totalt fekk over 700 personar arbeidsretta tenester i Furene i løpet av 2017.
I tillegg til kjerneverksemda arbeidsinkludering, er Furene og ein betydeleg leverandør av varer og tenester til næringslivet i regionen.
Furene AS har 50 tilsette og ein omsetnad på omlag 55 millionar kroner.
Publisert: 11.02.2021 09:03
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03